Johannes 2:14-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. På tempelplassen såg han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der.

15. Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut or heilagdomen, og sauene og oksane med. Pengane åt pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira,

16. og til dei som selde duer, sa han: «Bort med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknad!»

17. Då kom læresveinane hans i hug at det står skrive: Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg opp.

Johannes 2