1. Tredje dagen stod det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der,
2. og Jesus og læresveinane hans var òg bedne.
3. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.»
4. «Kva har du med mitt å gjera, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.»
5. Mor hans sa då til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
6. No stod det nokre vasskar av stein der, som skikken var etter dei føreskriftene jødane hadde om reinsing. Det var seks kar, og kvart av dei tok to eller tre anker.
7. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa.
8. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Dei så gjorde.
9. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom ifrå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen
10. og sa: «Alle set fyrst fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den ringare. Du har gøymt den gode vinen til no.»