Johannes 19:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Jødane svara: «Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy, fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.»

8. Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare.

9. Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.

10. «Svarar du meg ikkje?» sa Pilatus. «Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?»

11. Jesus svara: «Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå. Difor har han større skuld, han som gav meg over til deg.»

12. Etter dette ville Pilatus gjerne gje han fri. Men jødane ropa: «Gjev du denne mannen fri, er du ikkje keisarens ven. Den som gjer seg sjølv til konge, set seg opp mot keisaren.»

13. Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut or borga og sette seg i domarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata.

14. Det var helgaftan før påske, ikring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: «Sjå, her er kongen dykkar!»

15. Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» spurde Pilatus. «Vi har ingen annan konge enn keisaren,» svara overprestane.

16. Då gav han Jesus over til dei, så han skulle krossfestast.

17. Så tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata.

18. Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt imellom dei.

Johannes 19