Johannes 19:28-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tyrst.»

29. Det stod eit kar med eddikvin der. Av den vinen fylte dei ein svamp, som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans.

30. Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.

31. Det var helgaftan, og dei døde måtte ikkje verta hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina måtte brytast på dei og lika takast ned.

32. Soldatane kom då og braut beina, fyrst på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus.

33. Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei braut ikkje hans bein.

34. Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn.

35. Dette vitnar han som har sett det, og vitnemålet hans er sant. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru.

36. Dette hende for at skriftordet skulle oppfyllast:Ikkje eit bein skal brytast ¬på han.

37. Og eit anna skriftord seier:Dei skal sjå på han ¬som dei har gjennomstunge.

38. Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu lekam. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, av di han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned lekamen.

39. Nikodemus òg var der, han som fyrste gongen var komen til Jesus om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloë, ikring hundre pund.

40. Då tok dei Jesu lekam og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken var hjå jødane når nokon skulle gravleggjast.

Johannes 19