Johannes 18:10-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.

11. Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåla som Faderen har gjeve meg?»

12. Soldatane, offiseren og mennene frå jødane greip no Jesus og batt han.

13. Fyrst førte dei han til Annas, for han var verfar til Kaifas, som var øvsteprest det året.

14. Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.

15. Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten saman med Jesus.

16. Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestjenta som heldt vakt ved porten, og fekk Peter med seg inn.

17. I det same seier ho til Peter: «Er du òg ein av læresveinane til denne mannen?» «Nei,» svara han, «det er eg ikkje.»

18. Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde gjort opp ein koleld og stod og vermde seg. Peter òg vart ståande der saman med dei og vermde seg.

19. Øvstepresten spurde no Jesus ut om læresveinane hans og om læra hans.

20. «Eg har tala ope og fritt for alle,» svara Jesus. «Eg har alltid lært i synagoger og i templet, der alle jødar kjem saman; i løynd har eg aldri tala.

21. Men kvifor spør du meg? Spør heller dei som har høyrt meg, kva eg har tala til dei. Dei veit kva eg har sagt.»

22. Då gav ein av vaktmennene som stod der, Jesus eit slag i andletet og sa: «Er det slik du svarar øvstepresten?»

23. Jesus sa til han: «Har eg sagt noko urett, så prova det! Men var det rett det eg sa, kvifor slår du meg då?»

24. Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.

Johannes 18