10. Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.
11. Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåla som Faderen har gjeve meg?»
12. Soldatane, offiseren og mennene frå jødane greip no Jesus og batt han.
13. Fyrst førte dei han til Annas, for han var verfar til Kaifas, som var øvsteprest det året.
14. Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.
15. Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten saman med Jesus.