16. Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de få sjå meg.
17. Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det som han seier til oss: Om ei lita stund ser de meg ikkje, men om ei lita stund att skal de få sjå meg, og: Eg går til Faderen?
18. Kva tyder dette: om ei lita stund? Vi skjønar ikkje kva han talar om.»
19. Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: «Talar de om det eg sa: Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om ei lita stund att skal de få sjå meg?
20. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: De skal gråta og jamra dykk, men verda skal gleda seg. De skal syrgja, men sorga skal vendast til glede.
21. Når ei kvinne skal føda, er ho ottefull av di tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hadde det, så glad er ho fordi eit menneske er født til verda.
22. Sameleis er det med dykk. No er de sorgfulle, men eg skal sjå dykk att. Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk.
23. Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.
24. Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Bed, så skal de få, så gleda dykkar kan vera fullkomen.
25. Det eg no har sagt dykk, er gåtefull tale. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala gåtefullt, men ope og endefram fortelja dykk om Faderen.