Johannes 16:11-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

12. Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no.

13. Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma.

14. Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

15. Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

16. Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de få sjå meg.

17. Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det som han seier til oss: Om ei lita stund ser de meg ikkje, men om ei lita stund att skal de få sjå meg, og: Eg går til Faderen?

18. Kva tyder dette: om ei lita stund? Vi skjønar ikkje kva han talar om.»

19. Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: «Talar de om det eg sa: Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om ei lita stund att skal de få sjå meg?

20. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: De skal gråta og jamra dykk, men verda skal gleda seg. De skal syrgja, men sorga skal vendast til glede.

21. Når ei kvinne skal føda, er ho ottefull av di tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hadde det, så glad er ho fordi eit menneske er født til verda.

22. Sameleis er det med dykk. No er de sorgfulle, men eg skal sjå dykk att. Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk.

23. Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.

24. Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Bed, så skal de få, så gleda dykkar kan vera fullkomen.

25. Det eg no har sagt dykk, er gåtefull tale. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala gåtefullt, men ope og endefram fortelja dykk om Faderen.

26. Den dagen skal de be i mitt namn. Eg seier ikkje at eg skal be Faderen for dykk;

27. for Faderen sjølv elskar dykk, av di de har elska meg og trutt at eg har gått ut frå Gud.

28. Eg har gått ut frå Faderen og er komen til verda. No fer eg bort frå verda att og går til Faderen.»

29. Då sa læresveinane: «No talar du beint fram, og det du seier, er ikkje gåtefullt.

30. No skjønar vi at du veit alt og ikkje treng til at nokon spør deg; difor trur vi at du har gått ut frå Gud.»

Johannes 16