9. Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som ferdast om dagen, snåvar ikkje, for han ser ljoset i denne verda.
10. Men den som ferdast om natta, han snåvar, av di han ikkje har ljoset i seg.»
11. Då Jesus hadde sagt dette, sa han til dei: «Lasarus, venen vår, er sovna, men eg går og vekkjer han.»
12. «Herre,» sa læresveinane, «er han sovna, så vert han nok frisk att.»
13. Jesus meinte at han var slokna, men dei trudde han tala om vanleg svevn.
14. Då sa Jesus beint ut: «Lasarus er død.
15. Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, så de kan koma til å tru. Men kom, lat oss gå til han.»
16. Tomas, han som vart kalla Tvillingen, sa då til dei andre læresveinane: «Vi går med, vi òg, så vi kan døy saman med han.»
17. Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava.
18. Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadier på lag,
19. og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren.
20. Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho til møtes med han; men Maria vart sitjande heime.
21. Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døytt.