Johannes 11:50-57 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

50. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket enn at heile folket går til grunne.»

51. Det sa han ikkje av seg sjølv. Men av di han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket.

52. Ja, han skulle ikkje berre døy for folket; men han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde ikring.

53. Frå den dagen la dei planar om å drepa han.

54. Difor gjekk ikkje Jesus fritt ikring mellom jødane lenger, men tok ut derifrå og fór til landet bortmed øydemarka, til ein by som heiter Efraim. Der var han ei tid saman med læresveinane sine.

55. No leid det til påskehelga åt jødane, og før høgtida drog mange frå landet opp til Jerusalem og skulle reinsa seg.

56. Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?»

57. Overprestane og farisearane hadde gjeve påbod om at den som fekk vita kvar han var, skulle seia frå, så dei kunne gripa han.

Johannes 11