Johannes 11:27-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. «Ja, Herre,» seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»

28. Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.»

29. Då Maria høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til han.

30. Jesus var endå ikkje komen inn i byen, men var der Marta hadde møtt han.

31. Dei jødane som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei fylgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der.

32. Som no Maria kom dit Jesus var og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døytt.»

33. Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som fylgde henne, vart han oppøst og oppskaka,

34. og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre,» svara dei.

35. Jesus gret.

36. Då sa jødane: «Sjå kor kjær han hadde han.»

37. Men somme av dei sa: «Han som opna augo på den blinde, kunne ikkje han ha laga det så at denne mannen ikkje hadde døytt?»

38. Jesus vart atter oppøst og gjekk bort til grava. Det var ei hole, og det låg ein stein framføre.

39. «Ta steinen ifrå!» seier Jesus. «Herre,» seier Marta, syster til den avlidne, «det luktar alt av han; han ligg i grava på fjerde dagen.»

Johannes 11