24. «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen,» svara Marta.
25. Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.
26. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?»
27. «Ja, Herre,» seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»
28. Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.»
29. Då Maria høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til han.
30. Jesus var endå ikkje komen inn i byen, men var der Marta hadde møtt han.
31. Dei jødane som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei fylgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der.
32. Som no Maria kom dit Jesus var og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døytt.»
33. Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som fylgde henne, vart han oppøst og oppskaka,
34. og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre,» svara dei.
35. Jesus gret.
36. Då sa jødane: «Sjå kor kjær han hadde han.»
37. Men somme av dei sa: «Han som opna augo på den blinde, kunne ikkje han ha laga det så at denne mannen ikkje hadde døytt?»
38. Jesus vart atter oppøst og gjekk bort til grava. Det var ei hole, og det låg ein stein framføre.
39. «Ta steinen ifrå!» seier Jesus. «Herre,» seier Marta, syster til den avlidne, «det luktar alt av han; han ligg i grava på fjerde dagen.»
40. Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?»
41. Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg.
42. Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette for folket skuld som står her ikring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.»