Johannes 10:12-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre.

13. For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene.

14. Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg,

15. liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene.

16. Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.

17. Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att.

18. Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

19. No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt.

20. Mange av dei sa: «Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?»

21. Andre sa: «Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.»

22. Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om tempelvigsla. Det var vinter.

23. Og Jesus gjekk ikring i Salomos bogegang på tempelplassen.

24. Då flokka jødane seg om han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det beint ut!»

25. Jesus svara: «Eg har sagt dykk det, men de trur meg ikkje. Dei gjerningar eg gjer i namnet åt Far min, dei vitnar om meg.

26. Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.

27. Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg.

28. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand.

29. Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min.

30. Eg og Faderen er eitt.»

31. Atter tok jødane opp steinar og ville steina han.

Johannes 10