1. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar.
2. Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene.
3. For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut.
4. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans.
5. Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.»
6. Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
7. Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene.
8. Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.
9. Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite.
10. Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.