Johannes 1:21-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han.

22. «Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?»

23. Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.»

24. Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane,

25. og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?»

26. Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner,

27. han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.»

28. Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.

29. Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!

30. Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg.

31. Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.»

32. Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han.

33. Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande.

Johannes 1