14. Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!»
15. Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året; dei skulle drepa tredjeparten av menneska.
16. Talet på hestfolk i hæren deira var tjue tusen gonger ti tusen; eg høyrde talet.
17. Og såleis var dei hestane og det hestfolket eg såg i synet: Mennene hadde brynjer som var eldraude, mørkeblå og svovelgule; hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel.
18. Tredjeparten av menneska sette livet til i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane.
19. For makta deira ligg ikkje berre i munnen, men i halane òg. For halane deira liknar ormar som har hovud, og med dei gjer dei skade.
20. Men dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om, og heldt ikkje opp med å tilbe det dei hadde laga med hendene sine; men dei tilbad vonde ånder og avgudsbilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå.
21. Dei vende ikkje om frå sine mord og sine trolldomskunster, frå sitt horeliv og si steling.