10. Dei hadde halar med brodd som skorpionar, og i halane låg makta til å plaga menneska i fem månader.
11. Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon, og på gresk Apollyon.
12. Det fyrste ve er over, men det kjem endå to.
13. Den sjette engelen bles i basun. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds åsyn.
14. Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!»
15. Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året; dei skulle drepa tredjeparten av menneska.
16. Talet på hestfolk i hæren deira var tjue tusen gonger ti tusen; eg høyrde talet.