2. Og eg såg ein annan engel: Han steig fram i aust og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å skada jorda og havet:
3. «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har sett segl på panna til tenarane åt vår Gud!»
4. Og eg høyrde talet på dei som bar seglet: Det var 144 000, frå alle ættene i Israels-folket.
5. Av Juda-ætta var det 12 000 ¬med segl,av Rubens-ætta 12 000,av Gads-ætta 12 000,
6. av Asjers-ætta 12 000,av Naftali-ætta 12 000,av Manasse-ætta 12 000,
7. av Simeons-ætta 12 000,av Levi-ætta 12 000,av Jissakars-ætta 12 000,
8. av Sebulons-ætta 12 000,av Josefs-ætta 12 000,og av Benjamins-ætta 12 000 ¬med segl.
9. Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor kongsstolen og Lammet, kledde i kvite klede og med palmegreiner i hendene.
10. Og dei ropa med høg røyst:Sigeren tilhøyrer vår Gud,han som sit på kongsstolen, ¬og Lammet.
11. Alle englane stod i ein krins om kongsstolen og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor kongsstolen med andletet mot jorda og tilbad Gud