Johannes' Openberring 5:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg såg at han som sat på kongsstolen, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl.

2. Då såg eg ein mektig engel, som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla på henne?»

3. Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne.

4. Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne.

Johannes' Openberring 5