Johannes' Openberring 4:7-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg.

8. Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:Heilag, heilag, heilager Herren Gud, Den Allmektige,han som var og som er ¬og som kjem.

9. Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve,

10. fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar:

11. Verdig er du, vår Herre og Gud,til å få all pris og ære og makt.For du har skapt alle ting;du ville det, og dei vart til, ¬skapte av deg.

Johannes' Openberring 4