6. Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.
7. Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
8. Men dei som er reddhuga og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»
9. Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura, maken åt Lammet.»
10. I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud.
11. Byen hadde Guds herlegdom, og han stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis.
12. Han hadde ein stor og høg mur med tolv portar. Ved portane stod det tolv englar, og namna på dei tolv Israels-ættene var skrivne der.
13. Tre portar vende mot aust, tre mot nord, tre mot sør og tre mot vest.
14. Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei var det skrive tolv namn, namna på dei tolv apostlane åt Lammet.
15. Han som tala med meg, hadde ei mælestong av gull; med den skulle han mæla både byen og portane og muren.
16. Byen var ein firkant, like lang som brei. Og engelen mælte byen med mælestonga: Han var 12 000 stadier lang og like brei og høg.
17. Så mælte han bymuren: Han var 144 alner høg etter menneskemål, som òg er englemål.
18. Muren var bygd av jaspis, og sjølve byen var av reint gull, lik det klåraste glas.
19. Grunnsteinane i bymuren var prydde med alle slag dyre steinar. Den fyrste grunnsteinen var av jaspis, den andre av safir, den tredje av kalsedon, den fjerde av smaragd,
20. den femte av sardonyks, den sjette av karneol, den sjuande av krysolitt, den åttande av beryll, den niande av topas, den tiande av krysopras, den ellevte av hyasint, den tolvte av ametyst.
21. Dei tolv portane var tolv perler; kvar port var laga av ei einaste perle. Gata i byen var av reint gull, klår som glas.
22. Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Gud Herren, Den Allmektige, og Lammet er tempel der.
23. Og byen treng ikkje ljos frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er ljoset hans.