Johannes' Openberring 2:25-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Hald berre fast på det de har, til dess eg kjem.

26. Den som sigrar og til det siste held fast på dei gjerningar eg vil de skal gjera, han skal eg gje makt over folkeslaga.

27. Med jernstav skal han styra dei, og som leirkar skal dei knusast.

28. Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.

29. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Johannes' Openberring 2