Johannes' Openberring 19:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:Halleluja!Sigeren og æra og makta ¬høyrer vår Gud til,

2. for sanne og rettferdige ¬er hans domar.Han har dømt den store skjøkja,ho som øydela jorda ¬med si utukt,og blodet av tenarane sinehar han kravt av hennar hand.

3. Endå ein gong ropa dei:Halleluja!Røyken frå henne stig opp ¬i all æve.

4. Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!»

5. Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»

6. Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:Halleluja!Herren vår Gud, ¬Den Allmektige,har vorte konge!

Johannes' Openberring 19