Johannes' Openberring 16:13-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar.

14. Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. –

15. «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» –

16. Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

17. Den sjuande engelen tømde si skål i lufta. Då høyrdest det frå kongsstolen i templet ei veldig røyst som sa: «Det har hendt!»

18. Og det kom lyn og drønn og torebrak, og eit jordskjelv som det ikkje har vore maken til så lenge det har levt menneske på jorda – så kraftig var det.

19. Den store byen vart kløyvd i tre delar, og byane til folka vart lagde i grus. Gud kom i hug det store Babylon, og det laut ta imot staupet med hans harme- og vreidevin.

20. Kvar øy vart borte, og fjella fanst ikkje meir.

21. Svære hagl på hundre pund fall ned frå himmelen over menneska. Men dei spotta Gud for den plaga som haglet var, for plaga var fælsleg.

Johannes' Openberring 16