Johannes' Openberring 14:2-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Frå himmelen høyrde eg ein lyd som brusen av veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Og lyden var som når harpespelarar spelar på harpene sine.

3. Og dei song ein ny song framfor kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, ein song som ingen kunne læra utan dei 144 000, dei som er frikjøpte frå jorda.

4. Det er dei som ikkje har gjort seg ureine med kvinner, for dei er som møyar. Det er dei som fylgjer Lammet kvar det går. Det er dei av menneska som er frikjøpte og skal vera ei fyrstegrøde for Gud og Lammet.

5. Det vart ikkje funne lygn i deira munn; dei er utan lyte.

Johannes' Openberring 14