Johannes' Openberring 14:17-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd.

18. Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!»

19. Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide.

20. Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte.

Johannes' Openberring 14