Johannes' Openberring 11:9-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei.

10. Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.

11. Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde.

12. Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.

13. I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.

14. Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.

Johannes' Openberring 11