7. Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.
8. Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest.
9. Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei.
10. Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.
11. Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde.
12. Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.
13. I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.
14. Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.
15. Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:Vår Herre og hans salvevigdehar fått herredøme,og han skal vera konge i all æve.
16. Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud
17. og sa:Vi takkar deg, Herre Gud, ¬du Allmektige,du som er og som var,fordi du har teke di store maktog vorte konge.
18. Heidningfolka vart harme,men no er din vreidedag ¬komen,og tida då dei døde skal dømast.Då skal du løna tenarane dineprofetane, dei heilageog dei som har age ¬for ditt namn,små og store,og øyda dei som øyder jorda.