Johannes' Openberring 10:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg såg ein annan, mektig engel stiga ned frå himmelen. Han var kledd i ei sky og hadde regnbogen om hovudet; andletet var som sola og føtene som eldsøyler.

2. I handa hadde han ei lita, opna bok. Han sette den høgre foten på havet og den venstre på jorda

3. og ropa med kraftig røyst som ei brølande løve. Då han hadde ropa, ljoma røystene frå dei sju torene.

Johannes' Openberring 10