Joel 3:4-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Sola vert omskapt, ho svartnar,og månen vert som blod,før Herrens dag kjem,den store og skræmande.

5. Men kvar den ¬som kallar på Herrens namn,skal verta frelst.For på Sion-fjellet ¬og i Jerusalemskal det finnast ein flokk ¬som har sloppe unna,så som Herren har sagt.Og mellom dei ¬som har berga seg,er dei som Herren kallar.

6. For sjå, i dei dagar ¬og på den tid,når eg vender lagnaden ¬for Juda og Jerusalem,

7. då vil eg samla alle folkeslagog føra dei ned i Josjafat-dalen.Der vil eg halda rettargang ¬med deiom Israel, mitt folk ¬og min eigedom,som dei spreidde mellom folka.Dei delte landet mitt

8. og kasta lodd om folket mitt;dei gav ein gut for ei skjøkjeog selde ei jente for vin ¬– og drakk.

Joel 3