Joel 3:20-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Sol og måne svartnar,og stjernene misser sin glans.

21. Herren skal torna frå Sion,la røysta si ljoma frå Jerusalem,himmel og jord skal skjelva.Men Herren er eit vern ¬for sitt folk,ei borg for Israels søner.

22. Då skal de sannaat eg er Herren dykkar Gud,som bur på Sion, ¬mitt heilage fjell.Jerusalem skal vera ¬ein heilag stad,der skal framande ¬aldri meir koma inn.

23. Den dagen skal det hendaat fjella dryp av druesaft,og haugane fløymer av mjølk,og i alle bekkefar i Judaskal det renna vatn.Ei kjelde vell fram ¬frå Herrens husog vatnar Akasiedalen.

24. Egypt skal verta ei audnog Edom ei øydemarkfor sitt valdsverk ¬mot judearane.For det var i deira landdei spilte skuldlaust blod.

25. Men i Juda ¬skal det alltid bu folk,og i Jerusalem ¬skal ætt fylgja ætt.

26. Eg vil hemna dei drepneog ikkje spara dei skuldige. Herren bur på Sion.

Joel 3