17. Folkeslaga skal ta utog fara til Josjafat-dalen.For der vil eg sitja til domsover folk frå alle kantar.
18. Sving sigden, ¬for grøda er mogen!Kom og trakk, ¬for vinpressa er full,pressekummane fløymer over!For vondskapen åt folka er stor.
19. Det er eit mylder ¬og ståk i avgjerdsdalen,Herrens dag er nær ¬i avgjerdsdalen.
20. Sol og måne svartnar,og stjernene misser sin glans.
21. Herren skal torna frå Sion,la røysta si ljoma frå Jerusalem,himmel og jord skal skjelva.Men Herren er eit vern ¬for sitt folk,ei borg for Israels søner.
22. Då skal de sannaat eg er Herren dykkar Gud,som bur på Sion, ¬mitt heilage fjell.Jerusalem skal vera ¬ein heilag stad,der skal framande ¬aldri meir koma inn.