11. De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land.
12. No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort.
13. Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala.
14. Rop dette ut mellom folka:Bu dykk til heilag krig, ¬vekk krigarane!Lat alle stridsmenn møta fram ¬og dra ut!
15. Smid plogjerna om til sverdog vingardsknivane til spyd!Den veike skal seia: ¬«Eg er ei kjempe.»
16. Skunda dykk og kom!Kom saman, alle de folkeslag ¬rundt ikring!Herre, før dine krigarar dit!