19. Og Herren svara sitt folk:Eg sender dykk korn ¬og vin og olje,så de kan mettast.Aldri meir skal eg gjera dykktil spott mellom folka.
20. Fienden frå nordvil eg driva langt bort frå dykkog jaga han til eit turt ¬og øyde land,hans fortropp til havet i aust,hans baktropp til havet i vest.Tev og vond lukt ¬skal stiga opp frå han,for han sette seg føre ¬å gjera storverk.
21. Ver ikkje redd, du åkerjord,fagna deg og ver glad!For Herren gjer storverk.
22. Ver ikkje redde, ¬de dyr på marka,for beita i øydemarka grønkast,og trea gjev si frukt,fikentre og vintre ber rikt.