Joel 2:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Blås i horn på Sion,lyft hærrop ¬på mitt heilage fjell,så alle i landet skjelv av redsle.For Herrens dag er nær, ¬han kjem,

2. ein dag med mørker og dimme,ein dag med skyer og skodd.Det kjem eit stort ¬og mektig folkog breier seg ¬som morgonroden på fjellet.Det har aldri hatt sin likeog skal heller ikkje få detfrå ætt til ætt i alle år.

3. Framføre det et elden opp,og bakom sleikjer logen.Framføre er landet ¬som hagen i Eden,og bakom ¬ligg ei livlaus øydemark;ingen bergar seg unna.

4. Som hestar er folket å sjå til,som hingstar fer dei fram.

5. Dei tråvar over åsryggeneliksom larmande vogner,lik eld som sprakar i halmen,lik ein veldig hær ¬som er budd til strid.

Joel 2