Joel 1:3-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Fortel om det til borna dykkar,og dei skal fortelja det ¬til sine born,som skal fortelja det ¬til den ætt som kjem.

4. Det åma leivde, ¬åt grashoppa opp,det grashoppa leivde, ¬åt larva opp,det larva leivde, ¬åt gnagaren opp.

5. Vakna, de drukne, og gråt!Klag, alle de som drikk vin,over druesaft ¬de ikkje fekk smaka!

6. For eit folk har drege opp ¬mot mitt land,sterkt og utan tal.Tenner har dei som ei løve,og kjeve som ei løvinne.

7. Dei la mine vintre audeog braut ned fikentrea,flekte borken, reiv lauvet av,så greinene vart kvite.

8. Klag som ei syrgjekledd møyklagar over ¬sin ungdoms brudgom!

9. Grødeoffer og drikkofferkjem bort frå Herrens hus.Prestane, Herrens tenarar, ¬syrgjer.

10. Markene er herja, jorda sturer.For kornet er øydelagt, ¬vinen innturka,og oljen er borte.

11. Bøndene er vonbrotne,og vindyrkarane klagarover kveiten og bygget;for det finst ikkje grøde ¬på marka.

12. Vintreet turka, ¬fikentreet visna.Granatepletre, palme og apal,kvart tre på marka ¬har turka bort;all glede er kvorven ¬mellom menneska.

13. Kled dykk i syrgjebunadog hald klage, de prestar,skrik, de som gjer teneste ¬ved altaret!Gå inn og vak i syrgjeklede,de som tener min Gud.For grødeoffer og drikkofferkjem ikkje til dykkar Guds hus.

Joel 1