Joel 1:12-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Vintreet turka, ¬fikentreet visna.Granatepletre, palme og apal,kvart tre på marka ¬har turka bort;all glede er kvorven ¬mellom menneska.

13. Kled dykk i syrgjebunadog hald klage, de prestar,skrik, de som gjer teneste ¬ved altaret!Gå inn og vak i syrgjeklede,de som tener min Gud.For grødeoffer og drikkofferkjem ikkje til dykkar Guds hus.

14. Lys ut ei faste,og kunngjer høgtidssamling!Kall saman dei eldste,ja, alle som bur i landet,til Herren dykkar Guds hus,og rop så til Herren:

15. Ve oss, for ein dag!Ja, nær er Herrens dag!Han kjem med øyding ¬frå Den Allmektige.

Joel 1