Joel 1:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er Herrens ord som kom til Joel, son til Petuel.

2. Høyr dette, de eldste,lyd etter, alle som bur i landet:Har slikt hendt før i dykkar tid,eller då dykkar fedrar levde?

3. Fortel om det til borna dykkar,og dei skal fortelja det ¬til sine born,som skal fortelja det ¬til den ætt som kjem.

4. Det åma leivde, ¬åt grashoppa opp,det grashoppa leivde, ¬åt larva opp,det larva leivde, ¬åt gnagaren opp.

5. Vakna, de drukne, og gråt!Klag, alle de som drikk vin,over druesaft ¬de ikkje fekk smaka!

6. For eit folk har drege opp ¬mot mitt land,sterkt og utan tal.Tenner har dei som ei løve,og kjeve som ei løvinne.

7. Dei la mine vintre audeog braut ned fikentrea,flekte borken, reiv lauvet av,så greinene vart kvite.

Joel 1