26. Dei fer sin veg som sevbåtar,som ei ørn når ho slår ned ¬på si fengd.
27. Seier eg: ¬«No vil eg gløyma mi sorg,eg vil skifta mine og vera glad,»
28. då gruar eg for alle mine plager,eg veit at du ikkje ¬dømer meg fri.
29. Må eg stå der skuldig,kvifor strevar eg då til fåfengs?
30. Om eg vaska meg i snøvatnog gjorde hendene reine i lut,
31. straks ville du dukka meg ¬i ei grøft,så kleda mine stygdest ved meg.
32. Han er då ikkje ein mann ¬som eg,så eg kan gje han svarog gå for retten saman med han.
33. Det er ingen skilsdomarsom kan leggja handa ¬på oss beggeog avgjera saka mellom oss.
34. Å, om Gud tok bort riset,så redsla for han ¬ikkje skræmde meg!
35. Då skulle eg tala utan å reddast;for eg veit ¬at det har eg ikkje grunn til.