Job 9:25-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Mine dagar går snøggare ¬enn nokon kan springa,dei flyr av stad ¬og ser ikkje lukke.

26. Dei fer sin veg som sevbåtar,som ei ørn når ho slår ned ¬på si fengd.

27. Seier eg: ¬«No vil eg gløyma mi sorg,eg vil skifta mine og vera glad,»

28. då gruar eg for alle mine plager,eg veit at du ikkje ¬dømer meg fri.

29. Må eg stå der skuldig,kvifor strevar eg då til fåfengs?

30. Om eg vaska meg i snøvatnog gjorde hendene reine i lut,

31. straks ville du dukka meg ¬i ei grøft,så kleda mine stygdest ved meg.

32. Han er då ikkje ein mann ¬som eg,så eg kan gje han svarog gå for retten saman med han.

33. Det er ingen skilsdomarsom kan leggja handa ¬på oss beggeog avgjera saka mellom oss.

34. Å, om Gud tok bort riset,så redsla for han ¬ikkje skræmde meg!

35. Då skulle eg tala utan å reddast;for eg veit ¬at det har eg ikkje grunn til.

Job 9