Job 9:10-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Ja, han gjer storverk ¬som ingen kan granska,og under som ingen kan telja.

11. Når han går framom meg, ¬ser eg han ikkje;når han fer framom, ¬merkar eg det ikkje.

12. Kven kan hindra han ¬når han grip si fengd?Kven kan seia til han: ¬«Kva er det du gjer?»

13. Gud held ikkje att sin vreide,jamvel Rahabs hjelparar ¬laut bøya seg for han.

14. Korleis skulle eg kunna svaraog velja mine ord ¬når eg talar med han?

15. Eg kunne ikkje svara ¬om eg hadde rett,men laut nok be min domar ¬om nåde.

16. Og gav han meg svar ¬når eg ropa,kunne eg ikkje tru ¬at han hadde høyrt meg.

17. Han ville knusa meg i stormenog utan grunn gje meg ¬mange sår.

18. Han lét meg ikkje dra pusten,men fylte meg med liding.

Job 9