15. Aller helst vil eg kjøvast.Heller døden enn denne liding!
16. Eg er lei av dette!Eg lever ikkje evig.Lat meg vera!Mine dagar er som ein pust.
17. Kva er eit menneske ¬sidan du set det så høgtog bryr deg så mykje om det?
18. Kvar morgon ser du til det,kvar augneblink prøver du det.
19. Vil du ikkje snart ¬venda augo frå megog gje meg ro, ¬så eg kan svelja spyttet?
20. Har eg synda, ¬kva skader det deg,du som vaktar på mennesket?Kvifor gjer du meg ¬til skyteskive for deg?Eg har vorte ei bør ¬for meg sjølv.
21. Kvifor vil du ikkje tilgje ¬mi syndog bera over med mi skuld?For no må eg leggja meg ¬i støvet;leitar du etter meg, ¬er eg ikkje meir.