1. Mannen må træla ¬og slita på jorda,som ein leigekars dagar ¬er hans liv.
2. Han liknar trælen ¬som stundar etter skugge,og tenaren som ventar på løn.
3. Så vart månader med møde ¬min lut,netter med liding min lagnad.
4. Når eg legg meg, må eg tenkja:«Kva tid skal eg stå opp?»Kvelden vert lang, ¬eg ligg der urolegheilt til det ljosnar av dag.
5. Min kropp er kledd ¬med verkjesår og skorper,huda skrukkast og brest.
6. Mine dagar fer snøggare ¬enn vevarens skyttel,dei går til endes utan von.
7. Kom i hug at mitt liv ¬er som ein pust!Aldri meir får eg oppleva lukke.
8. Den som ser meg no, skal aldri sjå meg meir,ser du etter meg, er eg borte.
9. Ei sky løysest opp og kverv;så er det òg med den ¬som fer til dødsriket,han stig aldri opp att meir.