9. Gjev han sette seg føre ¬å knusa meg,lyfte si hand ¬og skar av min livstråd!
10. Då hadde eg likevel trøystog kunne hoppa av glede ¬i nådelaus pine.For eg har ikkje fornekta ¬orda åt Den Heilage.
11. Har eg kraft til å halda ut,har eg eit mål å sjå fram til,så eg kan venta med tolmod?
12. Er eg så sterk som stein,har eg ein kropp av bronse?
13. Nei, eg kan ikkje hjelpa ¬meg sjølv,og mi von om berging er ute.
14. Den som ikkje vil vera god ¬mot sin neste,har ikkje lenger age ¬for Den Allmektige.
15. Mine brør har svikta ¬som ein bekk,som eit elvefar ¬der vatnet er borte.