Job 6:24-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Gjev meg rettleiing, ¬så skal eg teia,syn meg kvar eg har fare vilt!

25. Ærlege ord kan ikkje såra,men kva hjelper det vel ¬om de formanar?

26. Tenkjer de å refsa meg ¬for mine ord?Ein vonlaus mann ¬talar ut i veret.

27. Kastar de lodd ¬om foreldrelause born,eller kjøpslår de om ein ven?

28. Gjer no vel og sjå på meg!Trur de eg lyg dykk ¬midt opp i andletet?

29. Tenk dykk om ¬og gjer ingen urett!Ja, tenk dykk om, for eg har enno rett.

30. Er det då urett på mi tunge,har eg ikkje sans ¬for det som er vondt?

Job 6