Job 6:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Gjev mitt mismod kunne vegastog all mi ulukke ¬leggjast på vekt!

3. For no er ho tyngre ¬enn havsens sand,difor talar eg så tankelaust.

4. Piler frå Den Allmektige ¬sit i min kropp,mi ånd syg i seg deira gift.Guds redsler fylkar seg ¬mot meg.

5. Skrik vel eit villesel ¬i grøne graset,rautar ein okse ¬når han har fôr?

6. Kven et det som smakar flauttfordi det ikkje er salta?Er det smak på stokkrose-saft?

7. Det byd meg imot ¬å røra ved slikt,det er som å eta utskjemd mat.

Job 6