Job 42:9-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na’ama gjekk då av stad og gjorde som Herren hadde sagt, og Herren høyrde bøna åt Job.

10. Då Job hadde bede for venene sine, vende Herren lagnaden hans. Han lét Job få dobbelt så mykje som han før hadde hatt.

11. Og alle brørne hans kom til han, og like eins systrene og kjenningane hans. Dei sat til bords med han i huset hans, viste han medkjensle og trøysta han etter at Herren hadde sendt så mykje vondt over han. Kvar av dei gav han eit pengestykke og ein gullring.

12. Sidan velsigna Herren Job endå meir enn før. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper.

Job 42