Job 41:4-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Kven kan få hol ¬på hans ytre hameller trengja igjennom ¬hans doble panser?

5. Kven torer opna gapet på han?Hans tenner vekkjer redsle.

6. På ryggen har han rader ¬av skjold,godt attlatne som med segl.

7. Tett ligg det eine ¬innåt det andre,ikkje ein pust kjem inn ¬mellom dei.

8. Skjolda heng fast i hop,dei grip inn i kvarandre ¬og kan ikkje skiljast.

9. Når han nys, blinkar eit ljos,augo hans strålar ¬som morgonroden.

10. Logande eld fer ut or hans gap,det sprutar gneistar frå det.

11. Or naseborene kjem det røyksom frå ei oppheta, ¬kokande gryte.

12. Pusten hans set kol i brann,ein loge står ut or hans gap.

13. Stor styrke har han i nakken,og redsla hoppar føre han.

14. Valkane under halsen hans ¬er faste,dei sit som støypte ¬og rører seg ikkje.

15. Hjarta hans er fast som stein,som den nedste steinen i kverna.

16. Når han reiser seg, ¬må kjemper fæla,dei går frå sans og samling ¬av redsle.

Job 41