10. Logande eld fer ut or hans gap,det sprutar gneistar frå det.
11. Or naseborene kjem det røyksom frå ei oppheta, ¬kokande gryte.
12. Pusten hans set kol i brann,ein loge står ut or hans gap.
13. Stor styrke har han i nakken,og redsla hoppar føre han.
14. Valkane under halsen hans ¬er faste,dei sit som støypte ¬og rører seg ikkje.
15. Hjarta hans er fast som stein,som den nedste steinen i kverna.
16. Når han reiser seg, ¬må kjemper fæla,dei går frå sans og samling ¬av redsle.
17. Om sverdet råkar han, ¬bit det ikkje,og heller ikkje kastevåpen, ¬spyd eller pil.
18. Han aktar jern som var det stråog bronse som morkna tre.
19. Ei pil kan ikkje jaga han ¬på flukt,stein frå slyngja ¬er som halmstrå for han.
20. Ei klubbe ¬reknar han òg for halm,han berre ler ¬åt susande kastespyd.