Job 41:10-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Logande eld fer ut or hans gap,det sprutar gneistar frå det.

11. Or naseborene kjem det røyksom frå ei oppheta, ¬kokande gryte.

12. Pusten hans set kol i brann,ein loge står ut or hans gap.

13. Stor styrke har han i nakken,og redsla hoppar føre han.

14. Valkane under halsen hans ¬er faste,dei sit som støypte ¬og rører seg ikkje.

15. Hjarta hans er fast som stein,som den nedste steinen i kverna.

16. Når han reiser seg, ¬må kjemper fæla,dei går frå sans og samling ¬av redsle.

17. Om sverdet råkar han, ¬bit det ikkje,og heller ikkje kastevåpen, ¬spyd eller pil.

Job 41